Plakat for årets utstilling!
Informasjon om utstillinga og kunstnarane :
Solund kunstlag arrangerer i år ei spennande og variert salsutstilling i perioden 23. august - 8.september. Som vanleg er utstillinga i lokala til Solund Skyttarlag på Hardbakke, Galleri Blink.
I år har vi to biletkunstnarar, ein smykkekunstnar, ein skulptør og ein tekstilkunstnar.
Tre av kunstnarane held til i Bergens-området, ein i Stavanger og ein i Suldal.
Alle kunstnarane er organiserte i foreiningar som er godkjende av Norske kunstforeninger.
Utstillarane er :
Sara-Marie McGarrighan (tekstil/vev)
Lillian Presthus (måleri)
Ellen Kalvig (grafikk)
Silje Iren Bergsvik (smykke/metall)
Lise Birkeland (skulptur)
Sara-Marie McGarrighan, vev/tekstil:
Fødd i 1982, er utdanna ved Kunst - og designhøgskolen i Bergen. Ho har atelier i Arna Industrihus, der ho arbeider med handvev. Teknikken er ein langsam prosess, som gir rom for refleksjon, undersøking og eksperimentering. Materialane som blir brukt er gjenbruk av garn, ull, lin, viskose og bomull, i tillegg til oppklipte innslag av eigne ferdige verk. Biletuttrykket - materialer, form, farge og taktilitet - blir til undervegs. Arbeidsforma er intuitiv, men også prega av tankar omkring eksistensielle spørsmål i fortid, notid og framtid. Hennar tekstile arbeid vekslar mellom to-dimensjonale og skulpturelle verk.
Lillian Presthus, måleri:
Fødd i 1957.Ho er ein Bergens-basert biletkunstnar som arbeider med måleri og foto. I male-prosessen er ho oppteken av fargen si gjensidige påverkingskraft, det blir ofte referert til naturen.
Naturen som finnast rett utanfor atelieret hennar på Fjøsanger er ei stor inspirasjonskjelde for Lillian Presthus. Eit eksempel på dette er ein serie måleri ho kaller “Langeskogen.”
Tidlegere måleri av Presthus kjenneteiknast av eit figurativt formspråk; identitet og familierelasjonar, ”snille og flinke piker” og mønster ho kan minnast frå barndomen sin.
Presthus har ei stor utstillingsverksemd i inn- og utland. Ho har utført fleire utsmykkingar, og måleria hennar er innkjøpt av offentlege institusjonar og kunstsamlarar.
Ellen Kalvig, grafikk:
Fødd i 1958, bur og arbeider i eige atelier i Suldal.
Inspirasjonen kjem fra naturen og landskapet som ho bearbeider malerisk og grafisk til menneskelege omgrep, ved bruk av kontraster, lys, symbolikk og assosiasjonar. Bileta er av eit landskap, eller ein metafor på noko anna, - det vel sjåaren. Ho har valt å bu tett på naturen, og gjennom kjennskap til og bruk av denne, finn ho kjelda si til kunsten.
Ho har stilt ut jamnleg sidan 1986 i inn - og utland. Debututstilling i Sandnes kunstforening 1987, og medlem i NBK sidan 1988.
Ho har stilt ut hos oss i Solund i Galleri Blink tidlegare, - i 2003.
Silje Bergsvik, smykker/metall:
Ho er fødd i 1983. Utdanna gullsmed og smykkekunstnar med utdanning frå bl.a. Alchimia contemporary jewellery school i Firenze, Italia og Master i metall og smykkekunst, fra Kunsthøgskolen i Oslo. Ho har vidareutdanning i pedagogikk, bedriftsutvikling og forretningsforståing for kulturnæringa og profesjonsfagleg digital kompetanse. Frå tidlegare har Silje blant anna erfaring som dagleg leier ved KRAFT i Bergen, og som regionleier for NKVN, i tillegg til ei rekkje ulike verv i kulturlivet. Ho er no medeigar av Made in Bergen retail, gründer og eigar av Morelle design, og arbeider som lektor i kunstfag i den videregåande skulen. Ho har delteke på ei rekkje utstillinger i både inn- og utland.
Lise Birkeland, skulptur:
Lise Birkeland er fødd i 1979 og er opprinneleg fra Flekkefjord, der ho er oppvaksen. Ho bur og arbeider i Stavanger, der ho har eigen verkstad. Ho arbeider med skulpturar og grafikk.
Skulpturane blir laga av svart stål, altså vanleg rustbart stål. Ho likar godt stål som er bearbeida fra før. Bitar og avkapp blir modellert med sveiseapparat. Stålet blir bygd opp, blir kappa og slipt.
«Jeg pleier å si at jeg "kvinneliggjør stålet litt". Jeg "fanger bevegelser” i figurene og stopper tiden i de øyeblikkene de er i. Skulpturene kan stå, ligge, sitte og fly, gjerne flere i følge».
Ho er medlem av Norske kunsthandverkarar og Norsk billedhoggarforening.
Alle er velkomne til opning av utstillinga fredag 23.august kl.18.00.
Vi inviterer også til ein kunstnarsamtale med
Sara-Marie McGarrighan i Galleri Blink søndag 25.august.
Der vil ho fortelje og vise oss korleis vev/tekstilkunsten hennar blir til.
Lillian Presthus,måleri
Sara-Marie McGarrighan,tekstil/vev
Silje Iren Bergsvik,smykke/metall
Ellen Kalvig,grafikk
Lise Birkeland,skulptur