UTSTILLINGAR I
GALLERI BLINK
Solund Kunstlag
arrangerer årleg ein stor utstilling i månadskiftet august/september kvart år.
I samband med ein årleg Solunddag i same tidsrom, gjev dette eit godt besøkstal.
Galleri Blink ligg i underetasjen på barneskulen på Hardbakke, og er miniatyrskytebana til det lokale skytterlaget . Vi gjer den om til galleri i utstillingsperioden. Lokalet er godt eigna til vårt behov, og vi får låne lokalet vederlagsfritt. Solund barne-og ungdomsskule nyttar utstillinga i undervisningssamanheng.

Foto frå utstilling i Galleri Blink 2022. Utstillarar som deltok var Gry Buer, Lars Tveit og Marta Nerhus.
Sjå omtale om kunstnarane under her.
Sjå omtale om kunstnarane under her.
Gry Buer bur og jobbar i Solund. Ho arbeider med bilete i ulike teknikkar, som måleri, trykk og foto. Gry Buer har atelier på Hardbakke og jobbar som kunstnar i tillegg til stillinga som kulturskulerektor . Ho har utdanning frå Kunsthøgskulen i Bergen med hovudfag illustrasjon og grafisk design. Gry Buer er grynder og prosjektleiar for Alt lys på Solund og Solund lyskunstfestival .
Lars Tveit er frå Bergen og er kanskje mest kjend for mange for dei spesielle «naust-bileta» sine, men har også andre tema han er oppteken av. Lars Tveit har utdanning som ingeniør og industrielle motiv er også eit av temaene han bruker i måleria og trykka sine.
Marta Nerhus har streng og metalltråd som hovudmateriale ,ho strikkar metervare av metalltråd for så å modellere skulpturar , sy bilete eller lage andre installasjonar av dette. Nerhus har hatt statens kunstnarstipend sidan 2014 og har verkstad på USF Verftet i Bergen.